Nyhetsarkiv

Banneordkonkurransen: Resultatene er klare!

jun. 18, 2007

Juryen har funnet 3 verdige vinnere. Se vinneruttrykkene, og alle bidragene, her!

I Inter ni dirite 6/2006 lanserte NJE en banneordkonkurranse. Det kar kommet bidrag fra hele verden. Juryen har bestått av Jardar Eggesbø Abrahamsen (doktor i lingvistikk), Otto Prytz (medlem av esperantoakademiet og stammer fra fra den norlige, mer språkfriske delen av landet), og Heming Welde Thorbjørnsen (tidligere president i TEJO).


Video:
For å se juryens dom
trenger du QuickTime.

Klikk på bildet for å se videoen.
Fila er på 16,3MB.

Vinnerne ble offentliggjort på NEL/NJE sitt landsmøte 15.-17. juni 2007. Her følger juryens begrunnelse:

Kriteria for konkurransen var at bidraga ikkje skulle gå til åtak på einskildpersonar, men likevel vera slagkraftige, vulgære, støytande og originale. 57 uttrykk kom inn, i tillegg til ei nettside som kan fabrikera fornærmingar. Det var mogeleg å gruppera dei 57 uttrykka i desse sjangrane:
– oppmodingar og konstateringar
– skildringar
– utbrot som var usømelege men ikkje særleg fornærmande

Fleire bidrag var openberre omsetjingar frå andre språk og dermed ikkje tilstrekkjeleg originale. Juryen la til nokre kriterium: Uttrykka skal vera lette å forstå, dei skal ikkje vera for lange, og det skal vera lett å uttala dei. I alle fall eitt bidrag braut massevis av tabu og fornærma på fleire måtar, men det mangla det humoristiske elementet som må vera til stades i kvart eit godt kraftuttrykk.

Juryen arbeidde via e-post, og kunne til slutt konkludera med dei tre beste fornærmingane.

3. premie

Det tredje beste uttrykket er ei fornærming, jamvel om orda som er brukte, ikkje er spesielt tabu. Fornærminga er ikkje like kraftig som nr. 2, men ordbruken er så pittoresk at det grensar til poesi, noko som må premierast.

Det tredje beste uttrykket, som vert premiert me éin CD frå Vinilkosmo, er:

Vi estas pli delikata ol felo de feka?o. (Du er meir fintfølande enn ein skitfell.)
(innsendt av Manuel Pancorbo Castro, Spania)

2. premie

Fordi det inneber ei meir direkte fornærming, er det nest beste uttrykket mindre humoristisk enn det beste uttrykket. Men til liks med det beste har det ein kombinasjon av språkleg tabu og ei taburelatert fornærming: Det språklege tabuet til det nest beste uttrykket har samanheng med bruken av eit vulgært ord, og den taburelaterte fornærminga handlar om storleiken på den kroppsdelen som det vert vist til. Fornærminga duger berre mot halvparten av menneska, og det høver dårleg som vinnande kraftuttrykk. Samstundes vert den insinuerte småskapen til den nemnde tabuaktige kroppsdelen uttrykt indirekte, noko som er eit effektivt litterært verkemiddel som særleg Bjørnstjerne Bjørnson har utnytta, om enn i andre samanhengar.

Det nest beste uttrykket, som vert premiert med to CD-ar frå Vinilkosmo, er:

Ser?u vian kacon per pin?ilo. (Leit etter pikken din med ein pinsett.)
(innsendt av Etel Zavadlav, Kroatia)

1. premie

Og no vinnaren: Oppmodinga kombinerer to tabu: eit språkleg tabu pga. bruken av eit vulgært seksualitetsord, og eit sosialt tabu fordi den omtala handlinga gjeld ein kombinasjon av menneske og dyr. Samstundes skaper oppmodinga bilete som ikkje berre gjev eit sterkt inntruykk av smerte, men som òg lèt det skina gjennom at det slett ikkje er mogeleg å utføra den nemnde handlinga. Slik kan aspektet av smertehumor framkalla smil dersom ein bruker uttrykket i rett situasjon. Dersom ein adresserer uttrykket til kvinner, røyver ein også ved eit tabu som finst i dei meir fordomsfulle krinsane, noko som må vera ein fordel. Typologisk sett liknar uttrykket på ei gammal men ubeslekta oppmoding frå Sunnmøre som dreier seg om ei liknande behandling av ei reke.

Vinnaruttrykket, som vert premiert med fem CD-ar frå Vinilkosmo, er:

Fiku fratinon de erinaco. (Pul systera til eit pinnsvin.)
(innsendt av Etel Zavadlav, Kroatia)

For å se alle inkome bidrag, klikk her.

Norsk | Esperanto