Vellukka seminar om konstruerte språk

nov. 7, 2014


Språket solresol
(ill: Immanuel Giel)

Laurdag 1. november skipa Norsk Esperanto-Forbund til eit seminar der temaet var konstruerte språk.

Til saman 15 personar på sju ulike stader var med. Me kommuniserte vha. nettapplikasjonen Skype.

Fire ulike konstruerte språk vart presenterte – i kronologisk rekkjefylgd etter når dei vart til. Etter ei innføring ved Amelie Matt la dei fire førelesarane fram kvart sitt språk: Herman Ranes førelas om solresol, Douglas Draper om interlingua, Mario Machlik om volapük og Anne Karin Bondhus om klingon. Etter om lag fire timar med førelesing, diskusjon og litt teknikkvanskar kunne me avslutta seminaret, der arbeidsspråket sjølvsagt hadde vore esperanto.

Deltakarane mønstra på frå Tromsø, Trondheim, Os i Hordaland, Oslo, Uppsala, Bryne og Kviteseid i Telemark.

Norsk | Esperanto
Vellukka seminar om konstruerte språk