Norvega Junularo Esperantista
|
| nyhetsarkiv | arrangement | styret | vedtekter | esperanto? | lære esperanto? | e-postlister | lenker | Inter ni dirite | åpningssida |
|
Vedtekter for Norsk esperanto-ungdom |
||
|
skipa 2. juni 1979 Desse kommentarane er førde i pennen av Jardar Eggesbø Abrahamsen. Framlegget til vedtektsrevisjon i 1999 var i hovudsak utarbeidd av Jardar Eggesbø Abrahamsen og Ragnhild Ljosland på vegner av styret, og med diskusjonar i styret undervegs. § 1 NamnNamneending frå Esperantoungdommen til Norsk esperanto-ungdom, jf. styremøte. Namnet «Norsk esperanto-ungdom» er enklare å marknadsføra enn «Esperantoungdommen», og er meir i samsvar med namnet på esperanto, «Norvega Junularo Esperantista». Berre den fyrste bostaven i det norske namnet skal vera stor, i samsvar med norsk rettskriving. Bindestrek i «esperanto-ungdom» for at det skal vera lett å lesa. «Esperantoungdommen» hadde etter dei gamle vedtektene avstyttinga «EU» på norsk. Etter dei nye vedtektene skal «NJE» brukast som avstytting både på esperanto og på norsk. § 3 Formål«Norsk esperanto-ungdom skal leggje til rette for samordning av aktivitetar for ungdomsesperantistar.» Kommentar: § 4 NøytralitetEndringane, jf. NEL-vedtektene § 4 og argumenta for desse i Norvega Esperantisto for nokre år sidan. 3. ledd trengst òg, sidan det er skilnad på å vera med på einskildarrangement (2. ledd) og å samarbeida (3. ledd). Samarbeid kan gå over lang tid. § 5 Medlemskap og innmeldingAldersgrense: jf. NEL-vedtektene og styremøte. I staden for å operera med ei eigendefinert aldersgrense, vil me halda oss til den aldersgrensa som likevel gjeld oss, og som er definert av den internasjonale organisasjonen. Dette er òg teke med i NEL-vedtektene. § 9 LandsmøteDei gamle vedtektene skil ikkje mellom val og andre voteringar. Det er likevel ein viktig skilnad mellom desse: Ved val kan ein ikkje gå ut ifrå at ein kan halda fast ved «gamal ordning», dvs. ein kan ikkje setja likskapsteikn mellom attveljing og likt røystetal. Eit val kan ikkje taka omsyn til ansiennitet ved likt røystetal. Ved andre voteringar, der valet stend mellom å halda fast ved gamal ordning eller innføra ei ny ordning, er det annleis. Då vil voteringa handla om ja eller nei til å endra på gjeldande praksis. Ved andregongs likt røystetal vil loddtrekking vera ein for tilfeldig måte å avgjera slikt på, og det er rimeleg å tolka resultatet som eit «manglande ja» til endringar. § 11 OrganMe tek med både Inter Ni Dirite og Kvinpinto som organ for NJE. Det er ikkje presisert i vedtektene kva rolle organa skal spela. Det må drøftast om det eine organet skal vera det offisielle NJE-organet, og kva som då eventuelt skal vera lagnaden til hitt. Formuleringa at det er styret som er «den instansen i NJE» som tilset redaktør, er teken med av omsyn til det nordiske samarbeidet: NJE-styret kan sjølvsagt ikkje tilsetja Kvinpinto-redaktør åleine, men NJE-styret er den instansen i NJE som har slikt ansvar. § 12 VedtektsendringarI staden for ein fast dato (1. mars) gjev me ein relativ frist, ettersom det ikkje stend noko i vedtektene om når landsmøta skal haldast. Det stend derimot at det kan kallast inn til omframt landsmøte. Den relative fristen «fire månader før landsmøtet» er vårt framlegg på grunnlag av dagens praksis med landsmøte om sumaren samstundes med landsmøtet til NEL. |
Meir informasjon: |
|
|
Norsk esperanto-ungdom, Olaf Schous v. 18, 0572 Oslo, tel.: 22 35 08 94, nje@esperanto.no |
Webansvarlig: jpa |
|