Frå Tron Øgrims gravferd

02.06.2007

 
Tron Øgrim (t.v.) i samtale med Jardar E. Abrahamsen på kongress i Vilnius, juli 2005.

Gravferda til Tron Øgrim fredag 1. juni 2007 var ein svært vakker seremoni. Store kapell på Østre gravlund i Oslo var stappfullt, og jamvel om folk sat og stod som sild i tunne, var det fleire som måtte stå på gangen fordi Store kapell rett og slett vart for lite.

Medan talane naturleg nok kretsa ein del rundt Tron som politisk aktiv, fekk me òg høyra om hans kjærleik til kattar og språk, og sjølvsagt om rolla hans som bror og god far. Systera, Leikny Øgrim, fortalde frå oppveksten med ein storebror som las leksikon frå A til Å, og som nok ville ha lese Telefonkatalogen òg, og ville ha fått noko ut av det som han kunne fortalt til folk rundt seg.

Jon Michelet peikte på dei helsingane som er komne frå heile verda, jamvel frå folk som aldri har møtt Tron, men som påfallande nok likevel opplevde han akkurat slik som dei som kjende han godt, opplevde han: klok, innsiktsfull, kunnskapsrik og med stor humor.

Klaus Hagerup las eit dikt som Tron hadde skrive. Barnebarnet dansa for den avlidne bestefaren sin. Det var song, fiolinsolo og gråt, og me fekk le mykje over underfundige episodar som vart gjenfortalde. Sjølvsagt var det trist, men det var langt frå dystert, og der var mykje velplassert humor. Eg trur Tron ville likt denne gravferda.

Under minnesamkoma i lokala til Raudekrossen etterpå var det òg mange talar og tårer, men også song og lått. Douglas Draper, sekretær i Norsk Esperanto-Forbund (NEL), heldt ein kort tale på vegner av forbundet, med både skjemt og alvor:

Douglas peikte på at NEL har tre typar medlemmer. Det finst aktive medlemmer, som engasjerer seg i styre og stell, og som reiser på alle kongressar. Det finst passive medlemmer, som nøyer seg med å betala medlemskontingenten sin. Og så har me Tron Øgrim.

Det kunne vera stilt frå Tron i lange tider, men så plutseleg ringde han og spurde: «Skylder jeg noe gryn?» Eller han dukka plutseleg opp på esperantokontoret og kjøpte ikkje berre éi eller to bøker, men eit heilt lass. Esperantofolk flest planlegg gjerne reisa til store kongressar godt over eit halvår i førevegen. Men ikkje Tron. Han kunne taka kontakt tre dagar før kongresstart og spørja om kvar han kan melda seg på.

Douglas las òg eit lite utdrag frå eit intervju med Tron i Esperanto-nytt frå 1990, der Tron fortalde om korleis nokre lærer esperanto for å frelsa verda, medan han sjølv var tiltrekt av det estetiske, av venleiken i eit språk. Eit anna utdrag frå intervjuet dreidde seg om framveksten av esperanto i Afrika, med ei samanlikning med den historiske utviklinga av samfunnsforhold i Europa.

Ein gjengangar i talane både under gravferda og under minnesamkoma var nettopp dei undersøkjande, analyserande, omsorgsfulle, lågmælte, humoristiske og ikkje minst lyttande eigenskapane hans.

Og slik er også mi oppleving av han, trass i at eg møtte han berre sporadisk, fyrste gong i 1991. For same kva politisk farge ein måtte ha, kunne ein vel knapt møta Tron Øgrim utan at han gjorde eit djupt inntrykk som eit sjenerøst og svært kunnskapsrikt menneske. Dette gjenspegla seg i gravferda med alle dei mange frammøtte, og det gjenspeglar seg i kor oppskaka så mange av oss esperantobrukarane vart over dødsbodskapen, trass i at Tron ikkje hadde ei einaste formell rolle i organisasjonen. Me kjende han i staden som ein med-esperantist som gjorde eit særleg sterkt inntrykk på oss som det mennesket han var.

Trondheim, 2. juni 2007
Jardar Eggesbø Abrahamsen

Ekstern lenkje: minnebloggen

Norsk | Esperanto