Slikt som er sant

Esperanto er eit eineståande fenomen i seg sjølv, uavhengig av korleis det vert brukt. Berre det at eit teoretisk prosjekt har vorte til eit levande språk som kan brukast til å uttrykkja alt, uavhengig av kva me bruker det til og kor mange me er -- det er jo eigentleg ein sensasjon. (Lat oss ikkje gløyma at folk har ulike grunnar til å halda på med esperanto, sjå her og den neste saka på den sida.)

Pasporta Servo er ikkje unikt, og det finst liknande nettverk andre stader (døme: 1234). Men det tyder jo ikkje at Pasporta Servo er dårleg eller ikkje verdt å nemna! Pasporta Servo er jo ein av fordelane med esperanto. Det er klart at liknande fordelar kan ein få andre stader òg, men kva gjer vel det?

Folk har det sosialt på esperanto, og folk som aldri ville ha snakka saman rundt same ølbordet samstundes (fordi dei ikkje har noko anna sams språk), gjer det på esperanto. Det er klart at me kan snakka med endå fleire om me snakkar engelsk, og me kan snakka med mange menneske samstundes som me aldri kunne ha snakka med samstundes dersom me skulle ha satsa på esperanto. Men kva gjer vel det? Dette gjeld jo alle språk som ein lærer, medrekna esperanto: Kvart nye språk som me lærer oss, utvidar jo horisonten og kontaktflata. Eg plar seia det slik at dersom du lærer esperanto og angrar deg etterpå (dvs. kjem fram til at esperanto ikkje er noko for deg), har du ikkje tapt tid på det likevel; dersom du lærer esperanto og ikkje angrar deg, vil du få mykje tilleggs-moro og tilleggs-nytte i tillegg til den moroa og den nytten du allereie har av t.d. engelsk. Det kan eg sjølv skriva under på, som snakkar både norsk, tysk, esperanto og engelsk. Og sjølvsagt må folk få læra så mange språk dei berre vil, korkje engelsk eller esperanto skal ha monopol, det viktige er jo å prata med folk. :) Det er berre det at esperanto er så lettlært i forhold til andre språk. ;)

Folk kjem relativt fort opp på eit funksjonelt nivå på esperanto. Igjen, det er færre å snakka med enn t.d. folk som kan engelsk, men sanneleg har me det sosialt saman. Og det er i seg sjølv ei inspirerande kjensle å oppdaga at ein faktisk klarer å meistra eit språk på eit visst nivå så kjapt. Då eg kom på mitt fyrste esperantotreff, som varte i ei veke med ca. 2400 deltakarar (Universala Kongreso i Bergen 1991), hadde eg knapt snakka esperanto med andre før. Dei to fyrste dagane gjekk det litt trått, men den siste dagen plapra eg i veg og laga meg nye ord så det song etter, og eg forstod alle, og alle forstod meg.

«Og for dei spesielt interesserte» er det sjølvsagt meir rettvist enn eit språk som andre har som morsmål. Når eg snakkar engelsk med engelskmenn, føler eg meg litt underlegen. Men eg føler meg ikkje underlegen når eg snakkar esperanto med ein engelskmann. (Dette er kanskje ei meir praktisk og lettforståeleg tilnærming enn den noko meir abstrakte oppsummeringa «esperanto er nøytralt».)

Jardar

[Til hovudsida for seminaret: Informasjonseminaret 2004]

Norsk | Esperanto