Rapport frå landsseminar om informasjonsmetodar

[Rapport av Ulf Lunde, først publisert i Norvega Esperantisto 3/2004.]

Helga 19.–20. juni vart det halde seminar i regi av Norsk Esperanto-Forbund. Som på landsseminaret for to år sidan, samla seminardeltakarane seg i sine respektive lokale klubbar for å debattera materiale som på førehand var distribuert av Forbundet. Tema var presentasjon og distribusjon av informasjon. Deltakarar på fire ulike kantar av landet arbeidde saman ved hjelp av telefon og e-post. På førehand hadde vi avtalt ein syn­kron agenda og koordinerande telefonmøte fleire gonger om dagen.

Esperanto som religion

Vi analyserte og samanlikna informasjonsmateriell frå vår eigen og andre organisa­sjonar, med ein artig vri: Jardar Eggesbø Abrahamsen hadde bytt ut visse ord, som «Bibelen» og «bibelstudium», i religiøse tekstar med «esperanto» og «esperanto­kurs», og resultatet vart skræmande likt delar av vårt eige reklamemateriell! Vi diskuterte kva inntrykk dette gjev lesaren, og kva slags argument våre brosjyrar bør la vera å bruka viss vi vil unngå å støyta folk ifrå oss. Det var semje om at fanatiske synspunkt og utsegner som ikkje let seg sjekka, gjev eit særdeles dårleg inntrykk.

«Pjam» og «Bliff»

So fekk deltakarane presentert informasjonsmateriale om to ukjende foreiningar: Pjam-rørsla og Bliff-forbundet, som har ganske like ideologiar, men heilt ulike måtar å presentera dei på. Vi samanlikna våre reaksjonar på dei ulike presentasjonsmetodane, og diskuterte kva for ei av dei to foreiningane vi vart mest nysgjerrig på, før det vart avslørt at både Pjam- og Bliff-tekstane eigentleg var arkivmateriale frå vårt eige _Esperanto-nytt_, berre med ordet «esperanto» bytt ut med henholdsvis «Pjam» og «Bliff»! Våre reaksjonar på desse presentasjonane av for oss ukjende organisasjonar, opna augo våre for kva slags inntrykk andre truleg får av oss i sitt første møte med våre brosjyrar. Når vi summerte opp inntrykka, kom vi fram til at for å få lesarane i tale, gjeld det å sikta seg inn på ei målgruppe, for så å finna ein høvande balanse mellom ytterpunkt som «sjølvskryt» ispedd høgtflygande snakk om «internasjonal forbrødring» (Pjam-metoden), og uhøgtidlege, «populistiske» stemningsrapportar frå aktivitetar i nærmiljøet (Bliff-metoden).

Mytar og Realitetar

På dag to av seminaret analyserte vi ulike mytar om esperanto og fekk etterpå presentert (den mest sannsynlege) sanninga om desse. Esperanto si historie inneheld mange interessante fakta, men òg mange rykte som ingen kan verifisera. Test deg sjølv: Kva kan du fortelja om Lev Tolstoj og esperanto? Om Einstein og esperanto? Eller om Umberto Eco og esperanto? Om opphavet til den grøne esperantostjerna? Om talet på reglar i esperanto sin grammatikk? Eller om den propedeutiske (lærings-førebuande) verdien av esperanto? Seminardeltakarane lærte (og avlærte) litt av kvart om desse og andre emne! I framtida vil vi vera meir varsame med å spreia lause rykte om esperantorørsla, og meir kritiske når vi vert fortald noko som «alle veit»!

Distribusjon

Idémyldring: Kvar og korleis bør vi dela ut informasjon, og kvar og korleis skal vi ikkje gjera det? Diskusjonen kring dette røpte at dei fleste synest det er OK å gje t.d. _Esperanto-nytt_ til folk på gata og hengja det opp på oppslagstavler, men mange kvir seg for å dela ut infomateriell i sosiale samanhengar. Dette er ein debatt som nok vil halda fram i diskusjonar blant forbundsmedlemer i tida framover.

Minikurs og grammatikkoversyn

Deltakarane analyserte og kritiserte ei rekkje norske og utanlandske «minikurs» i esperanto. Vi trakk fram fordelar og ulemper med kvart einskild oversyn over språket. Ein konklusjon blei at vi treng ein ny brosjyre med døme på enkle esperanto­tekstar med forklaringar, som vi kan gje til dei som spør om «korleis esperanto ser ut». Desse første tekstdøma bør unngå bruk av meiningslause eller altfor banale setningar, og helst handla om noko heilt anna enn esperanto. Sviktande sal i esperantoforlaget På slutten av seminaret freista vi å få til ein idédugnad om korleis vi kan auka omsetnaden for Esperantoforlaget, som sit på eit stort lager av bøker, men opplever skuffande liten etterspurnad. Det kom nokre framlegg om salsfremjande tiltak, som Forlaget står fritt til å ta i bruk. Til saman varte seminaret i 12 timar, paral­lelt i Trondheim, Oslo, Os og Stavanger. Møteforma fungerte svært bra for dei fleste. Vi er ein organisasjon med få og geografisk spreidde medlemer, og fleire av deltakarane ville slett ikkje ha hatt høve til å vera med dersom seminaret hadde kravd at alle skulle samlast på ein stad. Diskusjonar på nettet er vel og bra, men i tillegg treng Forbundet at medlemene møtest både på landsmøte og på seminar som dette for at vi saman skal få idéar til å bløme!

[Til hovedsida til seminaret: Informasjonseminaret 2004]

Norsk | Esperanto