Kva er esperanto?

Av Jardar Eggesbø Abrahamsen

Fakta:

  • Esperanto er eit språk som vart lansert i 1887.
  • Det finst esperanto-brukarar i over hundre land.
  • Det internasjonale esperantoforbundet UEA organiserer til saman rundt 20 000 medlemmer.
  • UEA er representert hjå Unesco.
  • Nokre hundre personar har esperanto som eitt av to eller fleire morsmål fordi foreldra har brukt språket i heimen.

Veldig mange vil i dag framheve det sosiale aspektet ved esperanto: at ein kan møte folk som ein elles aldri ville ha møtt, og som ein elles aldri ville ha snakka med. Slik sett er esperanto eit fint språk å kunne i tillegg til dei andre språka som ein eventuelt kan.

Men dei fleste som lurer på noko om esperanto, lurer på kvifor det oppstod. Derfor skal eg på denne sida konsentrere meg om den opphavlege, ideologiske bakgrunnen, meir enn om den praktiske funksjonen i dag. Den praktiske funksjonen i dag kan du lese meir om her.

Under den siste mellomtittelen skal eg også kome kort tilbake til kva slags grunnar folk i dag har til å halde på med esperanto, men mesteparten av denne teksten er altså relatert til situasjonen på slutten av 1800-talet. Så ikkje les dette som ein fullverdig aktuell tilstandsrapport!

Rettvis kommunikasjon

Esperanto er eit språk til bruk i kommunikasjon mellom folk som har ulike morsmål. Esperanto er meint å vere meir rettvist i slike samanhengar, ved at ingen skal eige det meir enn andre (derfor møter vi av og til omgrepet «nøytralt språk»). Tanken er altså at folk skal stille meir likt i internasjonale samanhengar enn om morsmålet til den eine parten alltid skal få forrang.

Esperanto er lettare å lære enn mange andre språk (sjølvsagt varierer dette noko, det er jo framleis enklare for ein norskspråkleg å lære dansk, men det er enklare for norskspråklege å lære esperanto enn å lære engelsk), slik at det er større sjanse for at folk kan snakke på like fot med kvarandre, og ikkje minst kome relativt raskt opp på eit greitt språkleg nivå. Dette styrkjer kontakten mellom vanlege «menn og kvinner i gata», utan å favorisere like sterkt som ved andre framandspråk dei personane som er spesielt flinke i språk, eller dei som har spesielt god tid (og spesielt mykje pengar) til å lære seg framandspråk.

Dette tyder sjølvsagt ikkje at esperanto er så «nøytralt» at det ikkje liknar på andre språk. Folk som kan europeiske språk, slepp lettare unna med for eksempel glosepugginga enn folk som ikkje kan europeiske språk. Så det er altså ikkje heilt rettvist likevel, berre «meir» rettvist, vil somme seie.

Kontakt på tvers

Den opphavlege ideologien sa også at med betre kontakt mellom vanlege folk på tvers av språklege, kulturelle og geografiske grenser, så vert det også enklare for folk å forstå kvarandre. Slikt vil vere til hjelp for fred og samarbeid, og her vil altså esperanto gjerne spele si vesle rolle (saman med alle andre språk) i det store og samansette prosjektet som heiter brubygging.

Med eit noko endra fokus, men framleis i tråd med desse demokratiske ideala, vedtok deltakarane på verdskongressen i Praha i 1996 Praha-erklæringa om språkleg mangfald, språklege rettar osb. Oppropet er formulert på ein høgtidleg og byråkratisk måte. Bryr du deg ikkje om byråkratisk språkføring, så berre hopp over Praha-erklæringa.

Kontakt på tvers kan sjølvsagt også føre til kranglar, det skulle berre mangle. Esperanto har kraftuttrykk så det held.

I praksis i dag vert esperanto brukt som fellesspråk i sosiale samanhengar innanfor turisme og på mange treff og arrangement. Og som ein deltakar på eit slikt treff fortalde meg: «Oi, eg lærte esperanto for berre to år sidan, men eg var på eit føredrag i dag, og forstod absolutt alt som vart sagt!»

Klikk her for å lese meir om kva esperanto vert brukt til i dag.

Dette var det kjappe svaret. Her kjem dei historiske tinga.

Zamenhof 1875
L.L. Zamenhof
(1859-1917)
som 16-åring.

I 1859 vart det født ein fyr i byen Białystok i det som no er den nordaustlege Polen. I den tyske varianten heitte han Ludwig Lazarus Zamenhof. På esperanto vert han gjerne omtalt som L.L. Zamenhof eller berre L.L. (uttalt «lålå»).

Białystok låg då i Russland, så det var mange russarar der. No ligg byen i Polen tett ved grensa til Litauen, og også på den tida var det ein del polakkar der, og litt litauarar. Og kviterussarar, for Kviterussland er òg like over grensa. Dessutan var det mange jødar der (L.L. var sjølv jøde, og heitte Lejzer på jiddisch). Og så var det ein del tyskarar. Kvar folkegruppe hadde sitt språk: polsk, russisk, jiddisch og tysk, og dei mindre språka kviterussisk og litauisk. Og visstnok også litt tatarisk.

Zamenhof var frå ein akademikarfamile, der russisk hadde prestisje, så han voks visst opp med både jiddisch og russisk i heimen. Men stort sett var det slik at ingen ville bruke kvarandre sitt språk. Esperantofolkloren seier at dette førte til mange mistydingar, hat og vald.

Sjølvkjensle

Det var visst slike opplevingar og dette samfunnet som forma den unge Ludwik (som var det polske namnet hans). Etter hans syn trong ikkje berre Białystok, men heile verda, eit nøytralt sams framandspråk som kunne brukast der eit slikt språk vil falle naturleg. Russisk var slett ikkje nøytralt, for det var språket til makthavarane. Polsk var ikkje nøytralt, for det var språket til polakkane. Og jiddisch var jødespråket. Men hadde dei hatt eit språk i tillegg som ingen hadde eigarskap til, så kunne alle bruke det utan å gå på akkord med sjølvkjensla si. Det ville ikkje vere noka løysing å velje t.d. engelsk, for på verdsbasis var jo heller ikkje engelsk noko nøytralt språk: Dei med engelsk som morsmål har i dag ein kjempefordel i internasjonalt samkvem, i alle fall i delar av verda, sidan dei kan snakke morsmålet sitt der andre må stotre på eit framandspråk. Slikt er sjølvsagt hyggjeleg for engelskspråklege i forhandlingssituasjonar, men neppe spesielt rettvist.

Dessutan var det viktig at alle skulle ha høve til å lære fellesspråket, ikkje berre samfunnseliten, og då måtte språket vere lett å lære. Det er sjølvsagt heilt greitt å lære så mange framandspråk som ein berre må ønskje. Men som «første framandspråk for alle» burde ein ha eit nøytralt språk som er så enkelt å lære at alle kan lære det, var standpunktet.

Starten

Medan unge Lejzer, altså Lazarus, gjekk på gymnaset, laga han det første utkastet til eit slikt språk, som han snakka saman med nokre medelevar. Dette språket går i ettertid under namnet praesperanto (ur-esperanto), men det er lite som er teke vare på av det. Det mest kjende er nok eit lite dikt (første lina: «Kadó, kadó, jam temp está»).

Etter gymnastida vart den endelege versjonen ferdig, og i 1887 kunne Ludoviko (som han heiter på esperanto) gi ut eit lite hefte finansiert av den snille svigerfaren. «Lingvo Internacia» heitte heftet. Men sidan forfattaren nettopp hadde starta lækjarpraksis og gjerne ville ha pasientar (han var augnelækjar), torde han ikkje å setje namnet sitt på heftet. I staden brukte han pseudonymet Doktoro Esperanto, 'dr. Håpande'. (Namnet Zamenhof vert på jiddisch uttalt som Zamenhoff, og hoffen på tysk og hòfn på jiddisch tyder 'å håpe'.)

Og så gjekk tida

Språket til dr. Esperanto (Esperanto-språket, seinare berre omtalt som esperanto) greip om seg. Og sidan har det gått slag i slag. Hitler forbaud esperanto som eit jødisk og kommunistisk konspirasjonsspråk, Stalin såg på esperanto som eit kapitalistisk språk, og McCarthy i USA meinte esperanto var eit kommunistisk språk. Då må ein kunne seie at ein har klart å gjere seg synleg.

Kvart år finn det stad hundrevis av kongressar og samkomer på esperanto. Du kan lese meir om dette på sida om kva esperanto kan brukast til.

I dag har folk veldig ulike grunnar til å halde på med esperanto. For nokre er det framleis ideen om rettvis kommunikasjon, for andre er det meir det sosiale, eller det kan vere ei generell interesse for språk. I ei rundspørjing på nettet i 2003 (271 respondentar), viste det seg at berre 32 % hadde lært esperanto primært på grunn av ideologi, resten hadde lært språket primært pga. språkinteresse (49 %) og venner og moro (19 %). For den einskilde handlar det truleg ofte om ei blanding av ulike grunnar.

Esperanto er altså meint som eit språk i tillegg til andre (framand-)språk. Esperantobrukarar går då heller ikkje av vegen for å snakke andre språk enn esperanto, og den nemnde undersøkinga fann at respondentane i snitt snakka 2,86 språk i tillegg til esperanto og morsmålet. Språkleg mangfald er forresten ein viktig del av moderne esperantoideologi, for dei som er opptekne av ideologiar.

Her og der møter vi esperanto-ordet esperantisto. Det tyder 'nokon som kan esperanto', på same måten som at det norske ordet fiolinist tyder 'nokon som kan fiolinspeling'. På den fyrste internasjonale esperantokongressen i 1905 vart det vedteke at ein esperantist er nettopp ein person som kan esperanto, uansett formål.

Norsk | Esperanto

En kort introduksjon finner du også i denne folderen (med lokal kontaktinfo):
Trondheim
Bergen
Tromsø
Oslo/Generell