Esperanto viva

    Særlege esperanto-bokstavar.


    Esperanto-alfabetet har 28 bokstavar, medrekna seks med diakritiske teikn.

    Dette er dei seks bokstavane:

              
    ^C
^c - uttala som engelsk ch i church og tsj i norsk ritsj.
    ^G
^g - uttala som engelsk g i George.
    ^H
^h - uttala som ch i det skotsk loch og tysk ach.
    ^J
^j - uttala som s i i engelsk pleasure (stemd sj-lyd).
    ^S
^s - uttala som sj in sjø.
    ^U
^u - uttala som w i engelsk cow.

    Heile esperanto-alfabetet finst i teiknsettet ISO 8859-3, òg kjent som Latin-3, som vert brukt i mange nettsider. Esperanto-bokstavane er òg med i Unicode-teiknsettet.

    Det finst fleire konvensjonar for korleis ein kan skriva esperanto-bokstavar når ein ikkje har Latin-3 eller Unicode tilgjengeleg:


         
    Cirkumfleks fyrst: ^C ^c ^G ^g ^H ^h ^J ^j ^S ^s
              

         
    Cirkumfleks etterpå: C^ c^ G^ g^ H^ h^ J^ j^ Ŝ ŝ
              

         
    x-konvensjon: Cx cx Gx gx Hx hx Jx jx Sx sx
              

         
    h-konvensjon: Ch ch Gh gh Hh hh Jh jh Sh sh
              


    U-en med boge over kan skrivast slik:


         
    ^U ^u; U^ u^; U~ u~; Ù ù; W w; Ux ux; Vx vx
              

    Dr. Zamenhof, som grunnla esperanto, tilrådde ch, gh, u osb., men dette er ikkje like populært i dag, og er noko tungvint med tanke på automatisk tekstkonvertering, sidan eit ord som chashundo [jakthund] kan verta konvertert til ĉaŝundo [som ikkje tyder noko] i staden for det korrekte ĉashundo.

    Den mest populære konvensjonen er cx, gx, ux osb. Dette kan av og til skapa problem for automatisk konvertering når teksten inneheld namn frå andre språk som bruker x. Til dømes kan Chevaux verta konvertert til Chevaŭ. Alfabetisering fungerer som regel fint, men me kan få tilfelle der ord hamnar i feil rekkjefylgje, som kaszono [kassa-område] og ka^szono [gøymeområde].

    Konvensjonen med ^c, ^u kjem frå bruken av daudtastar på mekaniske skrivemaskiner. Denne konvensjonen har den ulempa at søk/skift ut i somme tekststyringsprogram ikkje vil kjenna att «^», og alfabetiseringa vil ikkje fungera.

    Bruken av c^, u^ er som bruken i somme andre språk (t.d. tysk u" for ü), og fylgjer òg den naturlege rekkjefylgja i handskrift. Framleis vil «^» kunna verta dårleg attkjend av programvare, men automatisk sortering går fint.

    Latin-3 ser fint ut på WWW, men på somme system kan ein risikera at menyar vil bruka systemfonten same kva. Og sidan ein bruker karakternummerering som overlappar Latin-1, vil teksten ofte vera vanskeleg å handtera i tekststyrarar, og automatisk sortering vil ikkje fungera. Søkjefunksjonen i tekststyraren vil dessutan òg heller bruka systemfonten enn Latin-3-fonten. I e-post og på Usenet bruker ein som regel ikkje Latin-3.


    Published by Viva Languages i samarbeid med Esperanto Teachers' Association (UK). (c) IDF 1996, 1997, 1998.