![]() |
Esperanto Viva!Eit gratis brevkurs |
Klikk på leksjon éin, og kos deg. Når du har fullført oppgåvene, vil vi finne ein lærar til deg, og du vil få dei retta oppgåvene tilbake via e-post. Så gjer du det same for leksjon 2 - 10!
Elles:
LydbandDet finst ein kassett å få, som inneheld alle tekstane til desse leksjonane. Han er tala inn av menneske frå ulike stader på kloten. Kassetten er berre på esperanto, fordi han skal brukast av elevar frå alle verdshjørne. Han inneheld òg utdrag frå songar på esperanto frå ulike land. Kassetten heiter 'Esperanto Viva', og kostar berre £4.40 i England, pluss porto, og er å få frå The Esperanto Center, 140 Holland Park Avenue, London W11 4UF, England, telefon +44 (0) 171 727 7821, evt. frå Universala Esperanto-Asocio, og, dersom interessa blir stor nok, frå Norvega Esperantista Ligo sitt kontor i Oslo. Læraren din kan sikkert fortelje deg korleis du får tak i kassetten i Noreg. |
![]() |
Dersom du snakkar både norsk og esperanto flytande, ønskjer du kanskje å bli lærar i Esperanto Viva.
Vi oppfordrar til utgjeving av dette kurset på andre språk. Legg merke til at kurset er copyright, og vi ønskjer at du aksepterer visse vilkår - vi ønskjer å samarbeide med deg!
Dette kurset blir ikkje berre publisert på internett, men òg som eit gratis brevkurs, på papir. Den første leksjonen blir distribuert, for eksempel til offentlege bibliotek, og adressa til ein lokal lærar blir skriven på siste side. Studenten blir så beden om å sende med ein adressert konvolutt med frimerke når ho eller han sender inn oppgåver som skal rettast. Den retta oppgåva blir send attende saman med neste leksjon.
Vi ønsker òg papirversjonar på andre språk velkomne.
"Esperanto Viva!"-heimesida
kan vere interessant for dei som talar esperanto.| Utgjeve av Viva
Languages i samarbeid med Esperanto
Teachers' Association (UK). Omsett av Randi Sortland Ansvarleg for oppdateringar av desse websidene er www@esperanto.no |
(c) IDF 1996, 1997, 1998. |