Esperanto Viva!

    Din første leksjon! 

    Eit gratis brevkurs

    Dette gratis brevkurset (internettkurset) på 10 leksjonar vil gjere det mogleg for deg å utforske det lettlærte, lettbrukte, internasjonale språket esperanto.

    Esperanto er fem til ti gonger enklare å lære enn nasjonale språk. Når du først har lært ein regel, kan du bruke han overalt - og det finst ikkje noko unntak!

    Esperanto tek ikkje mål av seg til å kome i staden for nasjonale språk, men til å bli eit politisk nøytralt, effektivt hjelpemiddel for internasjonal kommunikasjon. I det hundreåret som har gått sidan det blei laga, har esperanto vakse frå å vere eit teoretisk prosjekt til å bli et levande språk, som blir snakka av eit ukjent tal på menneske rundt ikring i heile verda.

    Du òg kan snart snakke dette språket flytande, og dette kurset vil hjelpe deg i gang. 

    Bilete av ei gruppe unge menneske som har det gøy
    Unge menneske som kosar seg på eit møte i Russland.

    Elles:

    • Det finst versjonar av dette kurset som kan lære deg esperanto via andre språk.
    • Du er kanskje interessert i meir informasjon om esperanto på norsk?

    La oss prøve å snakke litt:

    Saluton! Hei!
    Mia nomo estas Ian. Namnet mitt (Mitt namn) er Ian.
    Kaj via? Og ditt?
              

    Esperanto har berre fem vokallydar:

    
      

    a e i o u

    som på norsk:
    ja   le   ri   båt   to
    

    Trykket er elles alltid på den nest siste stavinga (alltid!) - så det blir f.eks. skribotAblo. På esperanto skil vi ikkje mellom korte og lange vokalar (som på norsk hatt / hat).


    Viss du les dette medan du er på internett, kan du høyre på lydane til esperanto-alfabetet.

    Prøv no å lese høgt den korte teksten vi så på tidlegare.

    Veldig bra! Nå kan du lese esperanto! Det er bare nokre få bokstavar som er forskjellige frå norsk, men vi skal snakke om desse når vi kjem til dei.

    La oss nå sjå nærare på teksten.

    Mia tyder min, mi eller mitt. Det er sett saman av Mi
    + a. Mi tyder eg, og a er ei ending (faktisk
    .a er adjektiv-endinga - vi kjem til å sjå meir til ho
    seinare).
    

    Så dersom eg vil seie "Eg er Ian", kan eg seie: "Mi estas Ian".

    Nomo tyder namn, og er sett saman av nom + o. O er endinga som viser at ordet er eit substantiv - dvs. alle ord du kan setje ein, ei eller eit foran. Alle substantiv endar på o.

    Estas tyder er. Det er sett saman av est + as. Est er stammen i verbet å vere, og as-endinga viser at verbet er i presens - det tyder no, notid..

    Akkurat som at mia tydde min eller mitt, tyder via din eller ditt, og det er sett saman av vi + a. Så vi tyder du.

    Les no teksten ovanfor høgt et par gonger, og du byrjar å skjøne mønsteret - enda om du kansje ikkje er heilt sikker på kva substantiv, verb og adjektiv er.

    Lat oss prøve å utvide den vesle samtalen vår:

     
    
    Mi:  Saluton! Mia nomo estas Ian. Kaj via?
    Vi:  Saluton! Mi estas _______. [Sett inn ditt eige namn.]
    Mi:  Dankon. Takk.
    Ĝis la revido. Ha det.
    Vi:  ___ __ _______. [Svaret ditt!]
              

    "Ĝis la revido" tyder bokstaveleg talt "til gjen-synet". Bokstaven Ĝ (eller ĝ) er ein stemt g som i gin eller gentleman.

    Ordet la viser at ordet er i bunden form, det vil seie at når ein på norsk seier bordet, guten, jenta, seier ein på esperanto la tablo, la knabo, la knabino. Ordet revido er interessant. Re tyder igjen, oppatt o er substantivendinga, og vid tyder sjå.

    Så, korleis seier du "Eg ser"? Du møtte as-endinga tidlegere i estas, så det blir "Mi vidas". Forstår du?

    Ofte blir "Ĝis la revido" forkorta til "Ĝis la", og av og til berre "Ĝis". Viss du vil seie "Ser deg snart", kan du seie "Ĝis baldaŭ". (baldaŭ = snart). Bokstaven ŭ med a framfor blir uttalt som diftongen au.

    Lat oss no snakke litt med Majra og Renato:

    - Mi venas de Newbury en Britio. Eg kjem frå Newbury i Storbritannia.
    De kie vi venas? 'Frå kvar du kjem?' (Kvar kjem du frå)?
    - Mi venas de Uralsk / Palestrina. Eg kjem frå ___
    - Ĉu Uralsk / Palestrina estas en 
    Uzbekio / Kazaĥio / Hispanio / Italio? 
    Er Uralsk / Palestrina i 
    Uzbekistan / Kazakhstan / Spania / Italia?
    - { Jes, ___ estas en ___.  Ja, ___ er i ___ }
    { Ne, ___ ne estas en ___.  Nei, ___ er ikkje i ___ }

    Lag dine egne svar!

    Bokstaven ĉ blir uttalt som "ch" i Churchill,
    og bokstaven ĥ som i ach på
    tysk(harkelyd).
    
    Majra venas de Uralsk en Kazaĥio. Renato venas de Palestrina en Italio. 

    No byrjar du å meistre verb som venas, vidas, estas, gjer du ikkje? De er eit nyttig ord; frå eller av. Kie, som tyder kvar, er eit spørjeord. Alle ord som kvar, kva, kven, når, kven sin byrjar i esperanto på ki-.

    Ne tyder nei eller ikkje. Så no kan du nekte på alt!

    Ĉu endrar ei utsegn til eit spørsmål. Merk at på norsk byter du vanlegvis ordstilling. For eksempel: "Hamar er i Noreg" blir "Er Hamar i Noreg?". Dette er ikkje nødvendig på esperanto: "Ĉu Hamar estas en Norvegio?"

    Når "Ĉu?" blir brukt åleine, tyder det "Er det (verkeleg) sant?". Ĉu skal berre brukast viss det ikkje allereie er eit anna spørjeord i setninga, som f.eks. kie. Ĉu er berre for spørsmål som krev ja eller nei til svar.

    Jes tyder ja.


    No kan du føre ein enkel samtale på esperanto.

    Prøv desse øvingane.

    Viss du gløymer eit ord, kan du berre prøve å søkje
    i nettlesaren (browsaren) din.
    

    Omsett til esperanto:

    
    

    Hallo. Kvar kjem du frå? [frå kvar ...?] - Eg kjem frå Frascati - Kvar er Frascati? - Frascati er i Italia - Å [Ha] ja, Frascati, 'der ((der) kor) vinen [vino] kjem frå. - Ja, der vinen kjem frå. - Og kvar kjem du frå? - Eg kjem frå Newbury, i Storbritannia. - Newbury? - Ja, Newbury er nær [apud] Oxford. - Er det det? - Ha det. - Ser deg snart.

    Omsett til norsk:

    Mi venas de Palestrina, apud Frascati, de kie la vino venas. - Ha, sed
    [men] vino venas ankaŭ [også] el [ut frå] Britio,
    ĉu ne? - Jes, ankaŭ, iomete [litt]. - Ĉu Frascati estas
    en Hispanio? - Ne, Frascati ne estas en Hispanio; Frascati estas en Italio,
    apud Romo. Ĉu via urbo [by] estas en Britio? - Jes, kaj
    mi venas por [for] la Esperanto-kongreso
    [kongress]; nun [no] mi estas esperantisto.
    

    Viss du vil, kan du presentere deg sjølv for læraren din, og seie kvar du kjem frå (på esperanto). Viss du vil nemne andre ting, eller stille nokre spørsmål (på esperanto eller norsk) er dette staden:

    No treng vi et par detaljar om deg

    Denne informasjonen vil bli brukt til å finne ein lærar
    som kan gje deg lokal informasjon, viss mogleg.
    
    Fornamn: 
    Etternamn: 
    Bustadkommune:
    Fylke:
    Næraste store tettstad eller by 
    (dette skal berre brukast til internasjonal statistikk):
    E-postadresse: 

    Ver vennleg å dobbeltsjekke e-postadressa di, for svaret blir sendt dit..

    Nå: eller: 


    Viss du har problem når du klikkar på Send inn-knappen,
    er det råd tilgjengeleg.
    

    Arbeidet ditt vil bli retta og sendt tilbake så fort som mogleg.

    Medan du ventar, kan du øve deg på alt du no har lært.  Aller helst bør du finne ein ven du kan øve saman med!

    Ordlister som er tilgjengelege: Esperanto-norsk og norsk-esperanto.

    Ei liste over innhaldet i "Esperanto Viva!"-kurset er tilgjengeleg. (Neste leksjon)


    Utgjeve av Viva Languages i samarbeid med Esperanto Teachers' Association (UK).
    Omsett av Randi Sortland.
    Ansvarleg for oppdateringar av desse websidene er www@esperanto.no
    (c) IDF 1996, 1997, 1998.