|
La espero
|
Alle gamle organisasjonar med ei pompøs fortid og opphav på 1800-talet
har eit flagg. Esperanto-flagget er grønt (håpets farge), og har ei
stjerne med fem taggar for dei fem verdsdelane. Dagens utgåve av
fenomenet «flagg» heiter «grafisk profil», og dei to motståande E-ane i
toppgrafikken på desse sidene er jubileumssymbolet frå 1987. Dei to
E-ane kan stå for «esperanto», dei kan stå for ein jordklote, og dei kan
stå for folk som møtest og kommuniserer med kvarandre. Her har me lagt
til den grøne stjerna berre for tradisjonen si skuld.
|
|
«La espero» er eit dikt av L.L. Zamenhof, som grunnla esperanto, og
fungerer omtrent som «nasjonalsong» for esperantosamfunnet. Teksten er
noko gamaldags og pompøs etter dagens standard, eit fenomen me kjenner att
frå mange ideologiske songar frå 1800-talet. Her i Noreg kjenner me t.d.
«Ja, vi ælsker» med tekst som «Og som fædres kamp har hevet / det av nød
til sejr, / også vi, når det blir krevet, / for dets fred slår lejr».
Det som skil «La espero» frå nasjonalsongar, er nettopp den ideologien som
låg til grunn for diktet. Medan nasjonalsongar gjerne vil framheva éin
nasjon eller eitt land, skildrar «La espero» ein tilstand av fred,
forbrødring og kjærleik mellom alle folkeslag. Dette var òg den draumen
som Zamenhof hadde om framtida, ein draum som skulle oppfyllast på mange
vis, med språket esperanto som eitt steg på vegen dit. Dagens
esperantobrukarar har nok sansen for den grunnleggjande ideologien frå
lanseringa av språket i 1887: fred, forbrødring, å stilla på likefot med
eit nøytralt språk som ingen eig meir enn andre. Dette er
allmennmenneskelege verdiar. Men i sentrum for folk i dag står nok ein
enklare ideologi i sentrum: å ha det kjekt saman! Så kan heller fred og
forbrødring koma som eit biprodukt av at folk har det kjekt saman.
Som sagt, teksten til «La espero» er gamaldags og pompøs, og i praksis
vert songen i dag avsungen berre under den den mest tradisjonsbundne delen
av opningsseremonien til den årlege verdskongressen til det internasjonale
esperatoforbundet. Ja, og så i samanhengar der ein gjerne vil ha det moro
med pompøsiteten, gjerne på karikerte måtar. (Kven har sagt at
esperantotalande personar ikkje har sjølvironi?)
|
La espero
En la mondon venis nova sento,
tra la mondo iras forta voko;
per flugiloj de facila vento
nun de loko flugu ĝi al loko.
Ne al glavo sangon soifanta
ĝi la homan tiras familion:
Al la mond' eterne militanta
ĝi promesas sanktan harmonion.
Sub la sankta signo de l' Espero
kolektiĝas pacaj batalantoj,
kaj rapide kreskas la afero
per laboro de la esperantoj.
Forte staras muroj de miljaroj
inter la popoloj dividitaj,
sed dissaltos la obstinaj baroj,
per la Sankta Amo disbatitaj.
Sur neŭtrala lingva fundamento,
komprenante unu la alian,
la popoloj faros en konsento
unu grandan rondon familian.
Nia diligenta kolegaro
en laboro paca ne laciĝos,
ĝis la bela sonĝo de l' homaro
por eterna ben' efektiviĝos.
| |
Håpet
Inn i verda har det kome ei ny kjensle,
gjennom verda fer eit sterkt kall;
med vengane til ein lett vind
lat det no flyga frå stad til stad.
Ikkje til sverdet som tyrstar etter blod,
trekkjer det menneskefamilien:
Til den evig krigande verda
lover det heilag fredsemd.
Under Håpets heilage teikn
samlar dei fredsame kjemparane seg,
og snøgt veks saka
gjennom arbeidet til håparane.
Sterkt står tusenårs murar
mellom dei åtskilde folka,
men dei sta stengsla skal rykkjast bort,
slegne sunde av den Heilage Kjærleiken.
På nøytralt språkleg grunnlag,
der dei forstår kvarandre,
skal folka i semje utgjera
éin stor familie.
Våre flittige kollegaer
vert ikkje trøytte i arbeidet,
før den vakre draumen til menneskeætta
til evig velsigning vert røyndom.
|
|