|
|
|
|
Kva er esperanto? Av Jardar Eggesbø Abrahamsen
Veldig mange vil i dag framheva det sosiale aspektet ved esperanto: at ein kan møta folk som ein elles aldri ville ha møtt, og som ein elles aldri ville ha snakka med. Slik sett er esperanto eit fint språk å kunna i tillegg til dei andre språka som ein eventuelt kan. Men dei fleste som lurer på noko om esperanto, lurer på kvifor det oppstod. Difor skal eg på denne sida konsentrera meg om den opphavlege, ideologiske bakgrunnen, meir enn om den praktiske funksjonen i dag. Den praktiske funksjonen i dag kan du lesa meir om her (og denne lenkja dukkar opp i teksten under òg). Rettvis kommunikasjon Esperanto er eit språk til bruk i kommunikasjon mellom folk som har ulike morsmål. Esperanto er meint å vera meir rettvist i slike samanhengar, ved at ingen skal eiga det meir enn andre (difor møter me av og til omgrepet «nøytralt språk»). Til samanlikning har engelskspråklege eit stort fortrinn når det skal snakkast engelsk i internasjonale samanhengar. Det er lettare å læra enn mange andre språk (sjølvsagt varierer dette noko, det er jo framleis enklare for ein nordmann å læra dansk, men det er enklare for nordmenn å læra esperanto enn å læra engelsk), slik at det er større sjanse for at folk kan snakka på like fot med kvarandre, og ikkje minst koma relativt raskt opp på eit greitt språkleg nivå. Dette styrkjer kontakten mellom vanlege «menn og kvinner i gata», utan å favorisera like sterkt som ved andre framandspråk dei personane som er spesielt flinke i språk, eller dei som har spesielt god tid (og spesielt mykje pengar) til å læra seg framandspråk. Kontakt på tvers Og med betre kontakt mellom vanlege folk i ulike kulturar, så vert det òg enklare for folk å forstå framande kulturar. Dette er den beste garantien for fred og samarbeid, og her vil altså esperanto spela si vesle rolle (saman med alle andre språk) i det store og samansette prosjektet som heiter brubygging. I tråd med dette vedtok deltakarane på verdskongressen i Praha i 1996 Praha-erklæringa om språkleg mangfald, språklege rettar osb. Oppropet er formulert på ein høgtidleg og byråkratisk måte, men det er mogeleg å lesa det for den som har god tid... Bryr du deg ikkje om byråkratisk språkføring, så berre hopp over Praha-erklæringa. I praksis i dag vert esperanto brukt som fellesspråk i sosiale samanhengar innanfor turisme og på ymse treff og arrangement. Og som ein deltakar på eit slikt treff sa det til meg som skriv denne sida: «Oi, eg lærte esperanto for berre to år sidan, men eg var på eit føredrag i dag, og forstod absolutt alt som vart sagt!» Klikk her for å lesa meir om kva esperanto vert brukt til i dag.
Dette var det kjappe svaret.
Bialystok låg då i Russland, så det var mange russarar der. No ligg byen i Polen tett ved grensa til Litauen, og også på den tida var det ein del litauarar og polakkar der. Og kviterussarar, for Kviterussland er òg like over grensa. Dessutan var det mange jødar der (L.L. var sjølv jøde, og heitte Ludwik Lejzer på jiddisch). Og så var det ein del tyskarar der. Kvar folkegruppe hadde sitt språk: polsk, russisk, kviterussisk, litauisk, jiddisch og tysk. L.L. var frå ein akademikarfamile, der russisk hadde prestisje, så han voks visst opp med både jiddisch og russisk i heimen. Men stort sett var det slik at ingen ville bruka kvarandre sitt språk. Kven andre enn jødar ville vel bruka jødespråket jiddisch? Og kva slags russar ville bruka det polske underklassespråket? Og kva slags polakk eller andre ikkje-russarar ville vel bruka språket til den arrogante herskarklassa (russisk)? Dette førde til mange mistydingar, hat og vald. Sjølvkjensle Det var slike opplevingar og dette samfunnet som forma den unge Ludwik (som var det polske namnet hans). Han fann ut at ikkje berre Bialystok, men heile verda, trong eit nøytralt sams språk. Russisk var slett ikkje nøytralt, for det var språket til makthavarane. Polsk var ikkje nøytralt, for det var språket til dei innfødde. Og jiddisch? Nei, det var jødespråket. Men hadde dei hatt eit nøytralt språk, så kunne alle bruka det utan å gå på akkord med sjølvkjensla si. Det ville ikkje vera noka løysing å velja t.d. engelsk, for på verdsbasis var jo heller ikkje engelsk noko nøytralt språk: Dei med engelsk som morsmål har ein kjempefordel i internasjonalt samkvem, sidan dei kan snakka morsmålet sitt der andre må stotra på eit framandspråk. Slikt er sjølvsagt hyggjeleg for engelskspråklege i forhandlingssituasjonar, men neppe spesielt rettvist. Dessutan var det viktig for L.L. Zamenhof at alle skulle ha høve til å læra det sams språket, ikkje berre samfunnseliten, og då måtte språket vera lett å læra. Engelsk er ikkje lett å læra. (Tenk berre på at det heiter «turn off the light» og «turn the light off», dessutan «turn it off», men ikkje «turn off it». Og det finst sterke verb og snodige skrivemåtar.) Engelsk er eit bra språk for engelskspråklege, russisk er eit bra språk for russiskspråklege, og det er sjølvsagt heilt greitt å læra så mange framandspråk som ein berre må ynskja. Men som «fyrste framandspråk for alle» burde ein ha eit nøytralt språk som er så enkelt å læra at alle kan læra det, meinte Zamenhof. Starten Medan han gjekk på gymnaset, laga han det fyrste utkastet til eit nøytralt språk, som han snakka saman med nokre medelevar. Dette språket har i ettertid fått namnet praesperanto (ur-esperanto) av språkforskarane, men det er lite som er teke vare på av det. Det mest kjende er nok eit lite dikt («Kadó, kadó, jam temp está»). Etter gymnastida vart den endelege versjonen ferdig, og i 1887, under fattigslege vilkår, kunne Ludoviko (som han heiter på esperanto) gjeva ut eit lite hefte på forlaget til den snille svigerfaren sin. «La lingvo Internacia» heitte heftet. Men sidan han nettopp hadde starta lækjarpraksis (han var augnelækjar), torde han ikkje å setja namnet sitt på heftet, han kunne jo verta latterleggjord og missa pasientar. I staden bruka han pseudonymet Doktoro Esperanto, 'dr. Håpande'. (Namnet Zamenhof vert på jiddisch uttala som Zamenhoff, og hoffen på tysk og hòfn på jiddisch tyder 'å håpa'.) Og så gjekk tida Språket til dr. Esperanto (Esperanto-språket, seinare berre omtala som esperanto) greip om seg. Og sidan har det gått slag i slag. Hitler forbaud esperanto som eit jødisk og kommunistisk konspirasjonsspråk, Stalin såg på esperanto som eit kapitalistisk språk, og McCarthy i USA meinte esperanto var eit kommunistisk språk. Men same kva, bortsett frå dette (og nokre tilsvarande episodar) har det stort sett vore greitt å kunna esperanto. Kvart år finn det stad hundrevis av kongressar og samkome på esperanto. Du kan lesa meir om dette på sida om kva esperanto kan brukast til. Her og der vil du møta esperanto-ordet esperantisto. Det tyder 'nokon som kan esperanto', på same måten som at det norske ordet fiolinist tyder 'nokon som kan fiolinspeling'. | |||||||||||||||